Norsk Fjellmuseum
Norsk Fjellmuseum – med utsikt til innsikt
På Norsk Fjellmuseum er samspelet mellom mennesket og fjellet hovudtema. I sentrum av Lom, med tre nasjonalparkar utanfor, finn du spanande og moderne utstillingar, der bilete, lyd, lys og gjenstandar syner korleis folk har gleda seg over og brukt fjellet frå istida og fram til våre dagar. Her finn du også nasjonalparksenteret for Jotunheimen og Reinheimen.
Allsidig museum
Nasjonalparksenteret skal være ei open dør til natur og naturopplevingar. Kom innom å hels på mammuten, lær meir om naturen, dyrelivet, landskapet og turar i nasjonalparkane våre. I turistinformasjonen får du hjelp til å planleggje din fjelltur. Her kan du og kjøpe kart, bøker, gåver og andre reiseminne.Det er eit allsidig kompetansemiljø innan formidling, naturforvaltning, friluftsliv og reiseliv på Norsk Fjellmuseum.





