Auke grense for båtmotor frå 7 til 10 hk

Offentleg ettersyn

 Framlegg om forskriftsendring/ endring av planføresegn til kommunedelplan - høgding av grense for maksimal størrelse på båtmotor i Lom frå 7 hk til 10 hk. Lom formannskap har i sak 104/2010 lagt fram forslag om endring i kommunale føresegner om bruk av båtmotor på vatn og vassdrag. Endringa gjeld høgding av grense for maksimal motorstørrelse frå 7 hk til 10 hk på vatn og vassdrag over 2 km2 utanfor område verna etter naturmangfaldlova.

Lenke til heile høyringsdokumentet.

Framlegg om forkriftsendringar blir gjort på bakgrunn av at båtmotor på inntil 10 hk vil kunne gje sikrare manøvrering under vanskelege straum- og vindtilhøve. Forskriftsendringane vil ikkje kome i konflikt med dei omsyn som kommunedelplan for motorferdsel i Lom skal ivareta. Forskriftsendringane er vurdert etter dei miljørettslege prinsipp som går fram av § 8 � � 12 i Naturmangfaldlova.

Frist for merknader er 8. februar 2011

Endringsframlegget blir lagt ut til offentleg høyring i minimum 6 veker frå kunngjeringsdato. Framlegget vil deretter bli teke opp til endeleg politisk behandling i kommunestyret.

Endringsframlegget blir lagt ut til offentleg høyring i perioden 23.12.2010 – 08.02.2011. Høyringa er kunngjort ved annonse i Fjuken 23.12.2010. Sakspapir er lagt ut til gjennomsyn i ekspedisjonen på Midtgard og på Lom Folkebibliotek.

Spørsmål kan rettast til Sander Sælthun - telefon 61 21 73 33 eller e-post sander.saelthun@lom.kommune.no. Merknader til forslaget må vere sendt Lom kommune seinast 08.02.2011.