Avlastning i institusjon

Avlastningsopphald i sjukeheim inneber: Eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som er tidsavgrensa. Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering. Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering. Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering. Hjelpa vert tilpassa den enkelte pasient ut frå faglege vurderingar. Tenesteinnhaldet skal utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient/pårørande.

Vidare kan vi tilby

Ulike aktivitetstilbod. Tilrettelegging av personlege merkedagar. Tilbod om frisør og fotpleie (betalingsteneste) Hjelp med søknad om logoped. Hjelp til innkjøp.

  • Målgruppe for tenesta

    • Avlastning er eit tilbod til deg som har langvarig og tyngande omsorgsansvar, og kan gjevast anten i heimen eller ved at den omsorgstrengande får eit opphald i institusjon.
  • Slik får du tenesta

    • Skriftleg søknad til Lom kommune, Institusjonsbasert omsorg, 2686 Lom.
  • Søknadsfrist

    • Søknaden blir individuelt behandla. Tildeling skjer på tverrfagleg inntaksmøte kvar tysdag. Du får skriftleg melding om vedtak.
  • Pris

    • Gratis.
  • Kontakt

    • Lom helseheim på telefon 61 21 72 31.
    • Leiar institusjon Oda Evy Øyen, telefon 40 43 79 41 eller 61 21 72 19.
  • Kontakt e-post

  • Lovgrunnlag

    • Dette er ei lovpålagt teneste. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2, 1. ledd nr 6, bokstav d.
    • Tenesta er eit tilbod om heildøgns pleie, omsorg og behandling i sjukeheim.
    • Forvaltningsloven
    • Helsepersonelloven
    • Pasient- og brukerrettighetsloven
    • Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie
    • Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.
  • Rett til å klage

    • Vedtak om tildeling og bortfall av plass vert gjort i inntaksnemnda. Disse vedtaka kan det klagast på til Fylkeslegen. Klageinstans når det gjeld betaling er Fylkesmannen. Klagefrist er 4 veker til Fylkeslegen og 3 veker til Fylkesmannen. Klage skal sendast til Lom kommune, Institusjonsbasert omsorg, som og kan gje rettleiing og råd, j.fr § 27.3 og § 28 i Forvaltningslova og Pasient- og brukerrettighetsloven, kap. 7, §§ 7-2, 7-3, 7-4 og 7-5.