Avlastning i institusjon

Avlastningsopphald i sjukeheim inneber:
Eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som er tidsavgrensa.
Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering.
Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering.
Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering.
Hjelpa vert tilpassa den enkelte pasient ut frå faglege vurderingar.
Tenesteinnhaldet skal utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient/pårørande.

Vidare kan vi tilby

Ulike aktivitetstilbod.
Tilrettelegging av personlege merkedagar.
Tilbod om frisør og fotpleie (betalingsteneste)
Hjelp med søknad om logoped.
Hjelp til innkjøp.

Meir informasjon

Om ein annan søker på vegne av deg må vedkomande ha fullmakt.
Dersom du under opphaldet treng følgje til sjukehus eller andre spesialisttenester er det forventa at dine pårørande følgjer deg, evt. ordnar med at andre er med deg.
Det blir utført IPLOS-registrering (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk), som er lovpålagt.
Tenesta nyttar elektronisk pasientjournal.
  • Målgruppe for tenesta

    • Tenesta er tiltenkt personar som har eit døgnkontinuerleg tilsyn- og omsorgsbehov, der familien har eit stort omsorgsansvar og treng avlasting ein periode.
  • Slik får du tenesta

    • Skriftleg søknad til Lom kommune, Institusjonsbasert omsorg, 2686 Lom.
  • Søknadsfrist

    • Søknaden blir individuelt behandla. Tildeling skjer på tverrfagleg inntaksmøte kvar tysdag. Du får skriftleg melding om vedtak.
  • Pris

    • Gratis.
  • Kontakt

    • Pleie og omsorg på telefon 61 21 72 25.
    • Sjukepleiar 1 Oda Evy Øyen, telefon 40 43 79 41 eller 61 21 72 19.
  • Kontakt e-post

  • Lovgrunnlag

    • Dette er ei lovpålagt teneste. Sjå lov om helsetenester i kommunene §§ 1-3 og 2-1.
    • Tenesta er eit tilbod om heildøgns pleie, omsorg og behandling i sjukeheim.
    • Forvaltningsloven
    • Helsepersonelloven
    • Kommunehelsetenesteloven
    • Pasientrettigheitsloven
    • Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie
    • Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.
  • Rett til å klage

    • Vedtak om tildeling og bortfall av plass vert gjort i inntaksnemnda. Disse vedtaka kan det klagast på til Fylkeslegen. Klageinstans når det gjeld betaling er Fylkesmannen. Klagefrist er 4 veker til Fylkeslegen og 3 veker til Fylkesmannen. Klage skal sendast til Lom kommune, Institusjonsbasert omsorg, som og kan gje rettleiing og råd, j.fr § 27.3 og § 28 i Forvaltningslova og § 8.6 i Sosialtenestelova.