Framside/Tenester til deg/Næringsliv/Landbruk/Avløysing

Avløysing sjukdom

Husdyrbrukarar kan innanfor visse rammer få refundert utgifter til leige av arbeidskraft i følgjande tilfelle:

- Ved sjukdom,
- ved svangerskap/fødsel inntil 43 veker (eller 80 %tilskott i 53 veker). Minst 3 veker må takast ut før fødselen,
- ved adopsjon av barn under 15 år etter same reglar som ved fødsel,
- ved brukar sitt dødsfall kan det gjevast tilskott til attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre for inntil 8 veker etter dødsfallet og
- ved følgje av sjukt barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til behandling på sjukehus/institusjon.
- ved sivilforsvarsøving.

  • Målgruppe for tenesta

    • Gardbrukarar
  • Slik får du tenesta

    • Det er eige skjema for søknad om avløysartilskot ved sjukdom mv. Søknadsskjema om avløysartilskot skal sendast innan tre månader etter siste avløyste dag i søknadsperioda.
    • Søknad sendast Lom kommune.
  • Kontakt

    • Jordbrukssjef Silke Hansen
  • Kontakt e-post

    • silke.hansen@lom.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut