Landbruksvikar

Lom avløysarlag har tilbod om landbruksvikar ved behov for avløysing på gardsbruk. Tilbodet gjeld fyrst og fremst i vekedagane. Hjelp i helger vert berre ytt i akutte sjukdomstilfelle.
Landbruksvikaren vert administrert av Lom avløysarlag. Lom kommune deltek i formidling av landbruksvikaren.
Arbeidstid:
Landbruksvikaren har normal arbeidstid på 7,5 time pr. dag. Gardbrukaren er sjølv ansvarleg for å sysselsette landbruksvikaren innafor den tidsramma som landbruksvikaren har i si arbeidsavtale.

Avløysing sjukdom

Husdyrbrukarar kan innanfor visse rammer få refundert utgifter til leige av arbeidskraft i følgjande tilfelle:

- Ved sjukdom,
- ved svangerskap/fødsel inntil 43 veker (eller 80 %tilskott i 53 veker). Minst 3 veker må takast ut før fødselen,
- ved adopsjon av barn under 15 år etter same reglar som ved fødsel,
- ved brukar sitt dødsfall kan det gjevast tilskott til attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre for inntil 8 veker etter dødsfallet og
- ved følgje av sjukt barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til behandling på sjukehus/institusjon.
- ved sivilforsvarsøving.

Avløysing ferie og fritid

Husdyrbrukarar kan innanfor visse rammer få refundert utgifter til leige av arbeidskraft. Målet er at dei skal kunne få ordna ferie- og fritidstilhøve og avlasting i onner osv.

Landbruk

Midtgard
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
Telefax: 61 21 73 01
post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932