Barnehagane i Lom

Det er tre kommunale barnehagar i Lom kommune.

Lom har ein fantastisk natur som barnehagane vil lære barna å bli glade i og ta vare på.

Barnehagane ligg i område med flotte turmoglegheiter, og legg vekt på opplevingar ute.

Barnehagane i Lom har fagleg kompetente tilsette,
med høg del av assistentar med anten fagbrev i barne og ungdomsarbeid
eller førskulelærarutdanning.
Alle pedagogiske leiarar har førskulelærarutdanning.

Garmo oppvekstsenter
Garmo oppvekstsenter

Garmo barnehage

Garmo barnehage ligg i Garmo, 15 km aust for Lom sentrum. Barnehagen har ei avdeling, med ungar frå eitt til fem år. Barnehagen er del av eit oppvekstsenter saman med Garmo skule og SFO.

Vinterstemning i Loar barnehage
Loar barnehage

Loar barnehage

Loar barnehage er ein sentrumsbarnehage med fem avdelingar.
Odda barnehage
Odda barnehage

Odda barnehage

Odda barnehage er ein grendabarnehage med ei avdeling.