Kva kostar ein plass?

Kommunestyret fastset betalingssatsane i samband med budsjetthandsaminga kvart år.
Satsane for 2011:
- 5 dagar i veka: kr. 2.330
- 4 dagar i veka: kr. 2.220
- 3 dagar i veka: kr. 1.750
- 2 dagar i veka: kr. 1.300
- Einskild dag: kr. 200,-

Korleis søke plass?

Det er elektronisk søknad til barnehagen. Sjå sjølvbeteningsboksen.
På servicetorget eller i barnehagane kan du få hjelp til å fylle ut søknaden.

Kva er frist for søknad?

Hovudopptaket gjeld oppstart nytt barnehageår, og plassar blir lyste ut i januar med søknadsfrist 15. februar.

Utanom hovudopptaket er det mogleg å søke plass gjennom heile året. Barnehagane tek i mot barn dersom det er ledige plassar og tilstrekkeleg bemanning.

Når får eg svar ved hovudopptaket?

Hovudopptaket skal vera ferdig med melding om plass før 1. mai.

Er det syskenmoderasjon?

Ja, det er 40% syskenmoderasjon for barn nr. to og 50% for barn nr. tre eller fleire.

Kan eg kjøpe einskilddagar?

Ja, du kan kjøpe einskilddagar dersom det er plass i barnehagen.
Det kostar kr. 200 pr. dag.

Når startar barnehageåret?

Barnehageåret startar likt med skuleåret, rundt 15. august.

Må eg søke om plass på nytt kvart år?

Eit barn som har plass i barnehagen, har plass ut juli det året barnet skal starte på grunnskulen.

Må barnet ha ferie?

Ferie er viktig for både store og små. Barnet må ha minst tre veker samanhengande ferie i skuleferien.

Når er barnehagen stengt i løpet av året?

Barnehagane er stengte julekvelden, nyttårskvelden, romjula og påskeveka.
Grendebarnehagane (Garmo og Odda) er stengte i Juli. Barn som treng tilbod den månaden, får plass ved Loar barnehage, og personale frå grendene føljer med barna.
Barnehagane er elles stengte fem planleggingsdagar i løpet av året. Desse dagane blir brukte til kurs og planlegging for personalet.