Barnehagedagen 2011

Barnehagedagen 2011

Barnehagedagen 2011 blir arrangert tysdag 15.mars. Slagordet i år er : Vi kan!
Loar barnehage ynskjer å synleggjera kompetansen til barna og kunnskapen og kompetansen til dei tilsette denne dagen. Heile barnehagen vil gå i opptog til sentrum kl 10.30. Vi har laga flygeblad som fortel mykje om alt vi kan. Desse vil vi dele ut til alle vi treffer , og på butikkar, kafear mm. Opptoget stoppar utanfor Midtgard ca kl 11. Da blir det litt sang og musikk, og oppsending av ein varmluftsballong. Kom å sjå alt vi kan!
Tips ein ven Skriv ut