barnehagedagen

barnehagedagen

Barnehagedagen tysdag 16.mars 2010

Kom inn og sjå!
Open dag i Loar barnehage tysdag 16.mars kl 9.00-12.00.
Alle velkomne!

Barnehagedagen 2010 blir arrangert tysdag 16.mars. Med slagordet Kom inn og sjå! opnar barnehagar over heile landet dørene for ein titt inn i det yrande kvardagslivet.

Alle barn har no rett til barnehageplass. Ei omfattande barnehageutbygging har ført til at dei fleste som ynskjer det, har eit barnehagetilbod. Difor har regjeringa varsla at no skal det satsast vidare på kvalitet. Dette er ei påskjønning av kvaliteten i barnehagen.

Både vi og fleire tusen andre barnehagar over heile landet inviterer alle til å kome inn og sjå kva som går føre seg. Denne dagen skal vi vise fram det fine og positive kvardagslivet i barnehagen. Barnehagedagen skal gje grunnlag for økt forståing for det viktige arbeidet som gjerast i barnehagen.

Slagordet Kom inn og sjå! inviterer ikkje berre fysisk til å kome inn, men og til å bli kjende med barnehagen som verksemd. Dei som kjem, vil oppleve at barnehagen skapar mangfald og likeverd og at alle ungane har eit godt barnehagetilbod.

Barnehagedagen arrangerast for sjette året på rad etter intiativ frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet.

Tips ein ven Skriv ut