Du må søke innan fristen, 15. februar, for å vera garantert plass

Barnehageplass for barnehageåret 2012/2013

Du kan nå søke om barnehageplass ved Loar, Garmo og Odda barnehagar til hovudopptaket 16. august 2012. Merk at søknadsfristen er 15. februar 2012.

Du finn elektronisk søknadsskjema i sjølvbeteningsboksen øvst på sida. Når du kjem inn i skjemaløysinga, vil du sjå at det ligg to søknadsskjema for barnehagar. Det eine skjema er for inneverande barnehageår, det andre for barnehageåret 2012/2013, og det er viktig at du veljer rett skjema.
Du kan få hjelp i samband med søknaden på servicetorget i Lom kommune, telefon 61 21 73 00 eller 61 21 73 10. Opningstida er måndag til fredag 8:00 til 15:30.

Lovfesta rett til barnehageplass gjeld berre ved hovudopptaket, og du må søke innan fristen som er 15. februar 2012 (Lov om barnehagar §12a).
Tips ein ven Skriv ut