Barnehagetilbodet i Garmo 2015-16

Barnehagetilbodet i Garmo 2015-16

Barnehagetilbodet i Garmo 2015-16

For å få inn alle barn som har søkt barnehageplass  2015-16 vedtok  Lom kommunestyre i april å utvide  barnehagetilbodet  med ei og ei halv småbarnsavdeling i i Garmo barnehage.

Tilrettelegging  av biblioteket til dette formålet vart kostnadsrekna til om lag kr  300 000.  

Etter den tid  har fleire foreldre trekt dagar og plassar, og det viste seg etter kvart at barna kunne få plass utan å ta i bruk biblioteket. 

I kommunestyret den 18.juni orienterte administrasjonssjefen om budsjettstatus 2015. I den samanhengen vart det også informert  om den nye situasjonen i Garmo. Konsekvensen av orienteringa vart at tilrettelegging av biblioteket til barnehageavdeling vart stoppa. Frå hausten 2015 vil det såleis vere ei avdeling med store barn og ei og ei halv avdeling med små barn i Garmo. 

Tips ein ven Skriv ut