Tilsette i barnehagane samla til superfinale

Tilsette i barnehagane samla til superfinale unknown

Barnehagetilsette i superfinale

Alle barnehagane i Lom har det siste halvåret hatt særskilt fokus på vaksenrolla i uteleik. Førre veke avslutta dei emnet med brask og bram. Alle tilsette var samla i Fjellmuseet der dei på imponerande vis la fram resultatet av utviklingsarbeida på kvar avdeling.

Erfaringsdeling

Barnehagane har arbeidd etter ein bestemt metodikk under rettleiing av Marianne Zalik frå rådgjevingsfirmaet Triangel. På sluttsamlinga la assistentane i samarbeid med pedleiarane avdelingsvis fram resultatet av satsinga. Tilhøyrarar var kollegaer, kurshaldar og representantar frå kommuneadministrasjonen. Etter presentasjonane framheva administrasjonssjef Ola Helstad innsatsen dei tilsette har lagt ned gjennom prosessen.

Fagleg forankring

I tillegg til at barnehagetilsette fortalde om korleis dei har arbeidd, gav dei ei fagleg grunngjeving for dei vala dei hadde gjort. Såleis fekk dei frammøtte innføring i lov, rammeplan, stortingsmeldingar og andre styringsdokument. Dermed vart dette ei lærerik økt for alle som har med barnehage å gjere.

Nytt fokusområde

Pedleiarane hadde i strategisk leiarmøte dagen før valt nytt fokusområde. Her vart det bestemt at alle barnehagane i Lom neste halvår skal ha fokus på mottak. Det betyr at alle tilsette i barnehagane i Lom skal arbeide for å ta imot barn og foreldre på ein enda betre måte enn i dag.

Systematisk kvalitetsarbeid

Alle barnehagane i Lom skal til kvar tid ha felles fokusområde som dei skal arbeide systematisk med eit halvt år. Deretter blir nytt område valt. Såleis blir det to fokusområde i året. At nytt område blir valt, betyr ikkje at tidlegare fokusområde blir gløymt.
Tips ein ven Skriv ut