Biletet syner barnetrakk i Lom

Biletet syner barnetrakk i Lom

Barnetrakk i Lom

Lom kommune har i vinter gjennomført barnetrakkregistreringar. Registreringane vart utført av 6. klasse på Loar skule og 9. klasse på Lom ungdomsskule. Barnetrakkegistreringane skal blant anna nyttast i samband med revidering av sentrumsplan.

Elevane gjorde jobben

Elevane i 6. og 9. klasse utførte barnetrakkregistreringane vinteren 2012. Her registrerte dei vegar/snarvegar dei nytta både i skule- og fritidssamanheng, leike- og opphaldsområde, problem- og favorittstader, og til slutt skulle dei registrere kva for endringar dei kunne tenkje seg i nærmiljøet sitt. Her kom det mange gode og stundom fantasifulle forslag. Lærarar på barneskulen og ungdomsskulen, samt barnehagen, fekk også registrere område dei nytta gjennom året.

Eit viktig innspel

Barnetrakkregistreringane er borna si eiga skildring av korleis dei opplever sitt nærmiljø. Hensikta med rapporten har fyrst og fremst vore å synleggjere borna sine interesser, og gjera det lettare for private og offentlege aktørar å ta omsyn til dette i utviklingsprosjekt. Rapporten inneheld også forslag til forbetringstiltak basert på resultata frå registreringane.

Her finn du rapporten "Barnetrakkregistrering i Lom. Analyse for kommunedelplan for Fossbergom"

Her kan du lese meir om kommunedelplanen for Fossbergom

Tips ein ven Skriv ut