Framside/Tenester til deg/Sosiale tenester/Barnevern

Barnevern - Tenesteinnhald

Barnevernet skal vera ein garanti for at alle barn og unge er sikra omsorg, tryggheit og utviklingsmoglegheiter. Barnevernet har som sin spesielle oppgave å ta vare på dei mest utsette barna. Det skal beskytte barn mot omssorgssvikt og motvirke at barn lid fysisk og/eller psykisk overlast.

Felles teneste for Lom og Skjåk kommunar

Barnevernet i Lom og Skjåk slått saman til ei teneste. Skjåk kommune er hovudbase for tenesta, men har og kontor i Lom.

  • Målgruppe for tenesta

    • - Alle barn under 18 år som oppheld seg i Lom - Barn i heimar der det er alvorlege manglar ved den daglege omsorgen - Barn i heimar der foreldra ikkje syter for at eit sjukt ,funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande barn får behandling eller opplæring. - Barn som blir mishandla eller utsett for alvorlege overgrep. - Barn i heimar der det er svært sannsynleg at barnet si helse og utvikling kan bli alvorleg skadd fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkeleg ansvar for det. - Ungdom mellom 18 og 23 år dersom han/ho samtykker til det, og tiltaket er iverksett før han/ho fylte 18 år.
  • Slik får du tenesta

    • Mange barnevernsaker startar med at foreldra sjølve tek kontakt. Men barneverntenesta får også mange hendvendingar frå offentlege tenestemenn, naboar, familie og andre som er bekymra for barnet.
    • Alle meldingar vert vurdert, og dersom det er grunn til det vert dei undersøkt nærare. Familien det gjeld vert varsla om at barneverntenesta arbeider med saka, og dersom det er mogleg freistar ein å få i stand eit samarbeid.
    • Privatpersoner kan melde saker anonymt til barnevernet. Det vil seie at dei varslar barnevernet om at dei er bekymra for eit barn, men at dei ynskjer at deira identitet vert halden hemmeleg for den familien det gjeld. Barnevernet kan gje anonymitet, men det kan ikkje frita folk for vitneplikt dersom/når saken skal behandlast i fylkesnemda eller i domstolane. Da må det bli oppgjeve kven som har meldt saka.
    • Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikt, gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at barnet lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling.
  • Kontakt

    • Beate Stø, leiar, telefon 400 36 570
    • Mona Lena Tundrali, barnevernkonsulent, telefon 415 42 791
    • Yvonne Tuva, barnevernkonsulent, telefon 912 40 625
    • Grethe Fjeldberg, telefon 910 08 072
  • Kontakt e-post

    • beate.sto@skjaak.kommune.no / mona.lena.tundrali@skjaak.kommune.no / yvonne.tuva@skjaak.kommune.no / gretje.fjeldberg@skjaak.kommune.no
  • Lovgrunnlag

    • Lov om barneverntjenester (sjå lenkeboksen på høgre side).
Tips ein ven Skriv ut