Nyheiter
Mest utlånt i 2011
2012-01-11
Bøker av lokale forfattarar pregar 10 på topp lista over utlånte bøker på biblioteket i fjor. Evig skal døden vera av Kroken & Kolden, I krig og kjærleik av Rangnhild Kolden og Det som ein gong var av Magnhild Bruheim er alle å finne blant dei mest utlånte bøkene til vaksne i 2011. Mamma Mø og Kaldt blod-serien av Jørn Jensen dominerer blant barnebøkene. Norske filmar var dei mest populære og blant lydbøkene er det Rampete Robin og krim som toppar listene. Klikk på biletet for å sjå listene!
Opningstider i jula
2011-12-19
Opningstida er som vanleg til og med torsdag. Veslejulaftan stenger vi, men biblioteket er ope att 3., 5. og 6. dag jul frå 10.00 - 14.00. Vanlege opningstider frå tysdag 3. januar.
Når det gjeld heimesida, er nå dei fleste listene og funksjonane i orden. I menyen Nye bøker/lydbøker ligg alle bøker/lydbøker for barn og vaksne samla. Vi håpar at dette blir retta opp i løpet av dagen. Elles er det berre små justeringar før sida er slik vi ynskjer ho skal vera. Har de innspel til oss som gjeld heimesida kan de varsle på e-post biblioteket@lom.kommune.no eller sende melding frå Kontakt under Meg og mitt på denne sida. Vi er lei oss for at heimesida ikkje har fungert som ho skal etter at vi gjekk over til ny versjon av biblioteksystemet.
Vi ynskjer dykk alle ei god jul og eit godt nytt bibliotekår!
Veslejulaftan: Stengt
27. desember: 10.00 - 14.00
29. desember: 10.00 - 14.00
30. desember: 10.00 - 14.00
3. januar: 12.00 - 19.00