Kurs i 2010

Kurs i 2010

Bli ein Lomsvert!

2. juli 2013 arrangerar Landsbyrådet i Lom nasjonalparklandsby eit ambassadørkurs for alle servicetilsatte i Lom. Føremålet med kurset er å bidra til betre lokalkunnskap og lett tilgjengeleg informasjon om både handelstilbod, attrasjonar, aktivitetar m.m. i og kring Lom. Kurset er gratis, og tilbyr ein del godbiter til dei som deltek..
 

NB! Sjå heile invitasjonen nedst på sida. 

PROGRAM:
17.30 – 17.45 Velkommen. Om kurset, føremål og forventningar Ved dagleg leiar på Norsk Fjellmuseum, Mai Bakken
17.45-18.00 Næringsstruktur i kommunen og Lom nasjonalparklandsby Ved næringssjef og landsbykoordinator Åshild M. Amundsen
18.00-18.15 Nasjonalparkane i og kring Lom kommune, nasjonalparksenteret på Norsk Fjellmuseum. Ved nasjonalparkforvaltar Kari Sveen
18.15-18.30 Enkle turforslag i Lom. Ved fjellførar Kjell Nyøygard.
18.30-19.00 Kaffi og enkel servering
19.00-19.15 Kva er god service og kundebehandling? Ved Hanne Lillebråten, Lom Handelsstand
19.15-19.30 Kva slags handelstilbod har vi i Lom? Ved Arnt Rune Vole, Kiwi i Lom
19.45-20.00 Aktivitetar, tilbod og attraksjonar i Lom. 10 vanlege spørsmål. Ved Jotunheimen Reiseliv AS
20.00-20.30 Gruppearbeid
20.30-21.00 Innspel og oppmuntring til vidare arbeid

Deltakare på kurset får:

Deltakare på kurset får:
- Diplom og handlenett
- Ambassadør t-skjorte
- Ein rabattert middag (25% avslag) på Fossheim Hotell
- Ein gratis kombibillett hos Norsk Fjellmuseum og Mímisbrunnr Klimapark2469
- To gratis billettar (deg og ein venn) på grottetur med Naturopplevingar AS
- To gratis billettar (deg og ein venn) i Galdhøpiggen Klatrepark
- To gratis billettar (deg og ein venn) på guida tur til Galdhøpiggen (som deltakare på ein av dei faste turane med Aktiv i Lom AS)
- Ein tur over Prestfoss-traversen til Aktiv i Lom
NB! Tilboda er berre gyldig sumaren 2013 (nærare spesifikasjon kjem i diplomet).

Påmelding

Send påmelding til Åshild Amundsen (ashild.amundsen@lom.kommune.no) eller tlf. 612 17336 innan 25. juni. Oppgi namn, telefonnummer, e-post adresse og antall påmeldte. 

Vedlegg

Tips ein ven Skriv ut