Framside»Tenester til deg»Friviljugsentralen»Bli friviljug
Logo friviljugsentralen

Logo friviljugsentralen

Bli friviljug.

Kven kan vera friviljug?

Du som vil bruke av fritida di til å hjelpe andre. Du som er ung og vil auke di livserfaring gjennom kontakt med andre menneske. Du som har vorte pensjonist og tykkjer dagane bli lange. Du som ynskjer å vera eit medmenneske. Du som har litt tid til overs og vil bidra med noko positivt.

Eksempler på oppgåver kan vera: besøksvenn, turvenn, hjelparar på tysdagstreff, småbarnstreff,strikkegruppe, språk-kafe. Og friviljuge til Lom helseheim: besøksteneste på dagtid eller om ettermiddagen, matutkøyring til eldre og uføre.

Kva forventast av deg? Kor mykje tid du vil bruke og kva du ynskjer å bidra med bestemmmer du sjølv. Vil du melde deg som friviljug, eller vil du vite meir? Kontakt Friviljugsentralen, kom gjerne innom for ein uforpliktande samtale.

Starte noko nytt? Går du med tankar om å starte noko nytt eller du ser eit behov. Vi kan hjelpe deg i gang, og vidareformidle til lag-og organisasjonar.

Les meire om friviljugt arbeid.

Tips ein ven Skriv ut