topnav left.png
topnav right.png
lom nasjonal.png
mainmenu left.png
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult
A A A
mainmenu right.png

Bli friviljug.

Kven kan vera friviljug?

Du som vil bruke av fritida di til å hjelpe andre. Du som er ung og vil auke di livserfaring gjennom kontakt med andre menneske. Du som har vorte pensjonist og tykkjer dagane bli lange. Du som ynskjer å vera eit medmenneske. Du som har litt tid til overs og vil bidra med noko positivt.

Eksempler på oppgåver kan vera: besøksvenn, turvenn, sjåfør til treffdagar, hjelparar på fredagstreff, småbarnstreff. Og friviljuge til Lom helseheim: besøksteneste, handleteneste, matutkøyring til eldre og uføre.

Kva forventast av deg? Kor mykje tid du vil bruke og kva du ynskjer å bidra med bestemmmer du sjølv. Vil du melde deg som friviljug, eller vil du vite meir? Kontakt oss, kom gjerne innom for ein uforpliktande samtale.

Starte noko nytt? Går du med tankar om å starte noko nytt eller du ser eit behov. Vi kan hjelpe deg i gang, og vidareformidle til lag-og organisasjonar.

Les meire om friviljugt arbeid.



  • Tips ein ven