Onsdag 26. oktober inviterte Flyktningetenesta, Friviljugsentralen og NAV Lom til ein bli kjend kveld med våre nye innbyggjarar frå Iran, Palestina, Afganistan og Eritrea på Friviljugsentralen i Lom. Det kom så mange at forsamlinga måtte flytte seg til kantina på ungdomsskulen!
Mojtaba Ramezani (t.v.) og kona Afsaneh Ramezani var av dei mange blide som møtte opp
 |
| Ivrig fotoprat |
Det var informasjon om introduksjonsprogram, skule og vaksenopplæring. Øyvind Moe hadde med gitaren og leia allsangen, og fekk alle til å delta.
Dei frammøtte tok i stor grad utfordringa og sette seg saman med nokon dei ikkje kjende frå før da vil kom til kaffipausa.
Ivrig fotoprat mellom Izza Al Kallab og Brynjulv Aartun
Bli kjent med nokon!
Og om du ikkje hadde høve til å kom på bli-kjent-kvelden, så er det ikkje for seint å bli kjent med nokon av dei nye lomverane. Har du tid til å bli besøksheim, vera turkamerat, delta på strikkegruppe eller gjera noko anna saman med andre? Ta kontakt med Ella Hoel (telefon 996 93 847) på friviljugsentralen, og finn ut om dette kan vera noko for deg.