Treningsgruppe med oppmøte utanfor biblioteket kvar onsdag kl 19.30
Så, kva skal til for at akkurat DU blir meir fysisk aktiv? Kanskje trening i gruppe kan vera ei løysing for deg? Bli med og prøv!
Vi set i gang med treningsgruppe rett over nyttår. Her er det berre å setja
”bli-meir-aktiv-nyttårsforsettet” ut i livet! Vi kjem til å drive utandørs. I starten blir gruppa leia av Anne Marstein ved Frisklivssentralen, og deretter vil dei som er med i gruppa overta styringa sjølve. Vi satsar på ein mjuk start slik at alle kan vera med og prøve. Etter kvart ser vi kva det er ynskje om og kva det er behov for. Oppstart
Onsdag 11. januar 2012 kl 19.30. Møt opp ved biblioteket i Lom. Vi held på i ca 45 min. Gruppa vil gå onsdagar kl 19.30. Det er ikkje påmelding, og det er heilt gratis. Meir informasjon
For meir informasjon kontakt Anne Marstein på telefon 91 54 83 19, eller send ein e-post til anne.marstein@lom.kommune.no
Kom å bli mæ å rør på de’!!!