Oppstart av BKA-kurs hausten 2014

Oppstart av BKA-kurs hausten 2014

Bra deltaking på årets BKA-kurs

Som i fjor blir det arrangert BKA-kurs i Lom, og det var mange spente deltakarar som møtte opp på fyrste kursdag 6. oktober.

Kurset blir arrangert på Fossberg i Lom og er eit samarbeid mellom Lom kommune, Dialogic AS og Lom næringsforening. Oppslutninga har vore god både i år og i fjor, og til saman deltek 28 personer på årets kurs. Av deltakarane finn vi mellom anna Meg og Magen frå Skjåk, Statoil Lom, Ottadalen Mølle, Smak i Lom, Sport1 Lom, Aktiv i Lom, KL Rørlegger, Beautybag og Fossberg.  «Best i klassa» er nok Fossberg Hotell som deltek med heile seks personer, samt Aktiv i Lom som deltek for andre gong. All ære til dei! Coop Ottadalen stilte mannesterke i fjor, og har i år fått eit eige opplegg for sine tilsette.

Samlingane er delt opp i to. På måndag- og tysdagskvelden møtast seljarar og medarbeidarar, mens formiddagen på tysdager er for leiarar. Fokuset heile vegen er å bli betre på sal, kundebehandling, butikkøkonomi, samarbeid og omdømme. I botn ligg det ei målsetning om å heve kompetansen innan sal og service, slik at verksemda blir betre på skriving, rekning, muntleg og digital kompetanse. Dette er ei nasjonal målsetting og kurset blir derfor fullfinansiert gjennom nasjonale midlar (VOX)  og er gratis for deltakarane. Både i år og i fjor deltek fleire gründerar på kurset, og det er svært positivt dersom kurset kan vere ein døropnar for dei som ynskjer å starte opp eigen verksemd.

Neste mål blir å få gjennomført eit kurs som er tilpassa bygg- og anleggsbransjen, og som kan gjennomførast i lågsesongen januar – februar.  Gi gjerne ein lyd til ashild.amundsen@lom.kommune.no dersom du har innspel til aktuelle tema eller ynskjer å få tilsendt informasjon når / dersom kurset blir gjennomført. 

 

Tips ein ven Skriv ut