Breheimen nasjonalparkstyre - utlysing av midlar

Pressemelding frå Breheimen nasjonalparkstyre

Breheimen nasjonalparkstyre har lyst ut midlar som verneområdet fekk i samband med opninga i 2009. Nasjonalparkstyret har no bestemt å lyse ut desse midla som skal gå til bærekraftig tilretteleggjing, slik at delar av verneområda blir meir tilgjengelege for brukarane. Opparbeiding av stigar og løyper, klopping (bru) og merking tiltak for å betre tilgjenge til verneområda, etablering av parkeringsplassar og informasjonsordningar skal medverke til å sikre viktige kvalitetar ved at stor ferdsel og aktivitet blir kanalisert til bestemte område. Naturen blir lettare tilgjengeleg for brukarane, og dermed blir grunnlaget for lønnsame reiselivsaktivitetar betre.
Breheimen verneområde fekk gjennom kongeleg resolusjon dagsett 7.august 2009 tildelt 4 millionar øyremerka naturbasert reiseliv. Breheimen nasjonalparkstyre forvaltar midla og har vedteke å lyse ut første søknadsrunde av midla.

For søknaden gjeld følgjande vilkår:

  • Midla skal brukast til infrastruktur
  • Midla skal ikkje erstatte tilskot som kan tildelast gjennom bestillingsdialogen til Statens naturoppsyn
  • Midla skal brukast til tiltak som kjem felleskapet til gode
  • Rame for bruken av midla i 2011 blir avgjort av styret i tildelingsmøtet

Søknad

Søknaden må innehalde skildring av tiltaket, eventuelle teikningar/skisser og økonomisk oppsett som viser kostnader og kostnadsdekking (budsjett).

Søknaden skal sendast:
Fylkesmannen i Oppland: postmottak@fmop.no eller Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: postmottak@fmsf.no

Søknadsfrist: 1. november 2011.