Bruk av elektroniske søknadar om produksjonstilskot

Statens landbruksforvaltning (SLF) ynskjer at fleire skal nytte seg av elektronisk søknad i samband med produksjonstilskot og tilskot til ferie og avløysing. SLF har i den forbinding laga to rettleiingsfilmar, kor den eine viser kvifor ein bør søkje elektronisk og den andre korleis ein gjer dette i praksis.
Odin Jensenius skal vere med å bidra til at fleire søkjer om produksjonstilskot elektronisk. Foto: SLF
Odin Jensenius skal vere med å bidra til at fleire søkjer om produksjonstilskot elektronisk. Foto: SLF

Det er fleire fordelar med å søkje om produksjonstilskot på Internett. Den største fordelen er at søknadane blir meir korrekte da mange av opplysningane kontrollerast før levering. Ein søknad utan feil reduserer dessutan risikoen for avkorting og aukar moglegheita for å teke i mot tilskotet ved hovudutbetalinga. Ved fleire elektroniske søknadar vil ein også redusere og effektivisere arbeidet som forvaltninga utførar på grunn av betre datakvalitet. Og eit auke i talet elektroniske søkjerar vil vere viktig for oppslutninga rundt det nye RMP-systemet (regionalt miljøprogram) som takast i bruk frå hausten 2013.

Som SLF har orientert om i både brev og i rettleiingsheftet for 2012-2013, vil det ikkje bli sendt ut papirskjema i posten men berre informasjonsmateriell. Frå og med søknadsomgangen i januar 2013 vil dette bli gjort gjeldande. Dei førehandsutfylte opplysningane vil stå oppgjevne i den elektroniske søknaden. Ei rettleiing til korleis ein logger seg på i Altinn vil også fortsatt bli sendt i posten, og tekstmelding med oppmoding til å søkje elektronisk vil bli sendt ut. All informasjon om produksjonstilskot og søknadar vil framleis vere tilgjengeleg på Statens landbruksforvaltnings heimesider.

Landbruksforvaltinga hos kommunar og fylkesmenn blir frå SLF sterkt oppmoda om å auke talet elektroniske søknadar. Det er derfor viktig at søkjerane før 20. januar 2013 har kodane dei treng for å logge inn på Altinn. Om du som søkjar på produksjonstilskot er usikker på korleis ein søkjer elektronisk, kan kommunen vere behjelpeleg i høve til rettleiing.

Rettleiingsfilmane kan du sjå her.

Tips ein ven Skriv ut