Lom brukarråd 2017

Lom brukarråd 2017

Brukarråd for helse- og omsorgstenestane i Lom kommune

Kommunestyret i Lom har i møte 18.04.2013 gjort vedtak om oppretting av brukarråd.

Brukarrådet sitt mandat er å:

  • Vera rådgjevingsorgan for leiinga i Pleie- og omsorg og Helse- og velferd.
  • Vera høyringsinstans i saker som har innverknad for eller direkte vedkjem brukarane.
  • Ta i vare brukarmedverknad og påverknad.
  • Medverka til at planlagde velferds- og trivselstiltak vert realiserte.
  • Medverka til god kvalitet i pleie- og omsorgstenestene.

Brukarrådet har ikkje mandat til å medverka i enkeltsaker eller handsama saker som omhandlar enkeltpersonar.

Brukarrådet har ikkje mandat til å opptre som ombod eller part i einskildsakar.

Medlemmar i Brukarrådet (utpeikt av formannskapet)

  • Helga Rusten               
  • Bente Ovesen         
  • Bjørnar Brustuen 

I tillegg er eldrerådet representert ved Sigmund Bråtet. Råd for funksjonshemma er representert ved Liv Marianne Larsen Skjelden.

Helga Rusten er av brukarrådet sjølve valt som leiar.

Pårørandekontakt og person som direkte tenestemottakar

Brukarrådet skal sjølve oppnemne ein pårørandekontakt og minst ein person som er direkte tenestemottakar. Desse er ikkje representantar i brukarrådet, men kontaktpersonar ved behov.

Brukarrådet har sjølve oppnemnt Ole Foss som pårørandekontakt og Marit Garmo som direkte tenestemottakar.

Leiinga i Pleie- og omsorg og Helse- og velferd er ansvarleg for :

- At det aktivt vert presentert saker til handsaming.

- At det vert gjeve jamnleg attendemelding om vedtak som vert fylgd opp og på kva måte.

- At det vert gjeve informasjon om tenestane.

- Å informere brukarane om brukarrådet.

Tips ein ven Skriv ut