Borgarstyrt personleg assistanse (BPA)

Borgarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktisk eller personleg hjelp til personar med sterk funksjonshemming, som har behov for hjelp i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Målet er at brukaren får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv trass i omfattande funksjonshemming.

Meir informasjon

Borgarstyrt personleg assistanse byggjer på prinsippet om brukarstyring.
Den primære målgruppa er brukarar med samansette og omfattande hjelpebehov som er i stand til å ta arbeidsleiarrolla, og som har eigeninnsikt og ressursar til eit aktivt liv i og utanfor bustaden. Brukaren har arbeidsleiarrolla sjølv, og tek på seg ansvar for organisering og innhald i BPA.
Ein må velja organisasjonsmodell i kvart enkelt tilfelle. Det skal leggjast vekt på kva brukaren ønskjer. Ein kan velja mellom:
a) Å vera arbeidsleiar og arbeidsgjevar sjølv
b) Å vera arbeidsleiar og kommunen er arbeidsgjevar
c) Å vera arbeidsleiar og eit andelslag er arbeidsgjevar

Det er meint at brukarstyrt personleg assistanse skal gje fleksibilitet og færre tilsette å forhalde seg til. Ein vektlegg moglegheitene for å leva eit aktivt liv i samver med andre.
Det skal leggjast stor vekt på kven brukaren meiner vil vera den beste hjelparen, og den personlege assistenten kan ut frå dette vera ufaglært.
Arbeidsleiarrolla kan i særlege tilfelle takast i vare av verje, hjelpeverje eller ein person som har fullmakt frå brukaren sjølv.
Borgarrstyrt personleg assistanse erstattar vanlegvis andre tenestetypar etter sosialtenestelova §4-2, som f.eks støttekontakt, praktisk hjelp og/eller avlasting.
Helsehjelp inngår ikkje i borgarstyrt personleg assitanse, med det kan i spesielle høve gjevast opplæring.
Pårørande og andre nærståande som yter omsorg, kan ikkje tilsettast som personlege assistentar.


  • Målgruppe for tenesta

    • For å få innvilga ordninga må du ha eit permanent/langvarig hjelpebehov av omfattande karakter, uavhengig av funksjonshemmingar, diagnose eller buform.
  • Slik får du tenesta

    • Ein søkjer på kommunen sitt søknadsskjema.
    • Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden får du av oss.
    • Du må legge ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
    • Vi vil kome på heimebesøk og kartlegge funksjonsnivå, ønskje og behov. Det blir også utført eit IPLOS-registrering (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk), som er lovpålagt.
    • Søknaden blir individuelt behandla.
    • Du må forplikte deg til å vera med assitenten/assistentane dine på arbeidsleiarkurs.
    • Søknaden sendast til: Lom kommune, heimebasert omsorg, 2686 LOM.
  • Pris

    • For assistenttimar som blir brukt til heimehjelpsrelaterte oppgåver, gjeld dei kommunale vederlagssatsane for heimehjelp.
  • Kontakt

    • Pleie og omsorg på telefon 61 21 72 25.
    • Vernepleiar 1 Ann-Mette Hoft, telefon 47 45 32 41.
  • Kontakt e-post

  • Lovgrunnlag

    • Dette er ei lovpålagt teneste. Sjå Sosialtenestelova § 4-2a.
    • Forvaltningsloven.
    • Rundskriv om borgarstyrt personleg assistanse.
  • Rett til å klage

    • Det er mogleg å klage på vedtaket, jmf Forvaltningslova §28-36. Klage på vedtaket må sendast heimebasert omsorg innan 3 veker etter at du har motteke brevet. Vedtaket blir handsama på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthalde,blir det sendt vidare til klientutvalet. Blir vedtaket oppretthalde også der, sendar ein saka vidare til Fylkeslegen i Oppland for endeleg avgjerd. Vi kan hjelpe deg med å skrive klaga.

Pleie og omsorg

Lom helseheim
2686 Lom
Telefon: 61 21 72 25
Telefax: 61 21 72 26

post@lom.kommune.no

GPS-koordinatar:
61.83763167990419,
8.556536436080933