Brukarundersøking på NAV-kontoret

Frå 5. september og ca fire veker fram vil NAV Lom spørje brukarane sine om kva dei meiner om den servicen som NAV gjev og om brukarane har forslag til forbetring.
Undersøkinga vert gjennomført ved at NAV-brukarar som vitjar NAV-kontoret i denne perioden vil bli spurt om å svare på nokre enkle spørsmål på ein PC. Det tek 2-4 minutt å svara, men noko lengre tid om ein vil nytta anledninga til å utdjupe synspunkta sine. Svara er anonyme.

Føremålet med undersøkinga er at kontoret skal forbetre sin service overfor brukarane. NAV-kontoret håper difor at så mange som mogleg vil delta med ris, ros og gode forslag.