Budsjettarbeidet for 2012 er i gang

Utvalet er i gang med budsjett for 2012 og økonomiplan 2013-2015. Møta i budsjettutvalet finn stad på Midtgard og er ope for alle interesserte.
I lenkeboksen på høgre side finn du referat frå møta i budsjettutvalet. Du finn elles referat frå møte på vår heimeside under ”Innsyn i post, møter og saker”.
Dei to neste møta: 01.11.2011 kl 1200 og 07.11.2011 kl 1200.
Desse er medlemmar i budsjettutvalet: Odd Arne Kroken, leiar i utvalet (Sp), Enid Christensen Øyjordet (Sp), Kristian Frisvold (Bl), Anne-Lise Marstein, nestleiar i utvalet (Ap) og Magny Hilde (Ll).
Leiar for Støttefunksjonen Egil Haug er sekretær for utvalet og ansvarleg for den administrative prosessen med budsjettet.
Tips ein ven Skriv ut