Oppdraget er å få på plass finansiering og drift av fleirbrukshus

Budsjettutvalet i gang med ekstraodrinær budsjettprosess våren 2011

I handsaminga av budsjettet for 2011 vedtok kommunestyret å gje styringsgruppa for fleirbrukshall i oppdrag å vurdere tiltak for prosjektet for å koma inn under gjeldande ramme i økonomiplanen. Styringsgruppa fekk og i oppdrag å leggje fram vurdering av driftsbudsjett og finansiering av fleirbrukshall innan denne ramma.
Styringsgruppa har nå lagt fram overslag over investeringar og drift av huset. Oppdraget for budsjettutvalet er å få på plass finansiering av fleirbrukshus og 4,5 mill til auka driftsutgifter. Budsjettutvalet hadde første møte 17. mars, og nytt budsjett skal handsamast i kommunestyremøtet i juni.

Referat frå møta i budsjettutvalet

I menyen til venstre finn du referat frå møta i budsjettutvalet våren 2011.
Tips ein ven Skriv ut