Budsjettarbeidet for 2012 er i gang

Utvalet er i gang med budsjett for 2012 og økonomiplan 2013-2015. Møta i budsjettutvalet finn stad på Midtgard og er ope for alle interesserte.
I lenkeboksen på høgre side finn du referat frå møta i budsjettutvalet. Du finn elles referat frå møte på vår heimeside under ”Innsyn i post, møter og saker”.
Dei to neste møta: 01.11.2011 kl 1200 og 07.11.2011 kl 1200.

Budsjettutvalet i gang med ekstraodrinær budsjettprosess våren 2011

Oppdraget er å få på plass finansiering og drift av fleirbrukshus

I handsaminga av budsjettet for 2011 vedtok kommunestyret å gje styringsgruppa for fleirbrukshall i oppdrag å vurdere tiltak for prosjektet for å koma inn under gjeldande ramme i økonomiplanen. Styringsgruppa fekk og i oppdrag å leggje fram vurdering av driftsbudsjett og finansiering av fleirbrukshall innan denne ramma.

Budsjettarbeidet for 2011 er i gang

Desse er medlemmar i budsjettutvalet: Odd Arne Kroken, leiar i utvalet (Sp), Beate Stø (Sp), Torbjørg Graffer Myrhaug (Sp), Anne-Lise Marstein (Ap) og Magny Hilde (Bl).

Utvalet er i gang med arbeidet med budsjett for 2011 og økonomiplan 2012-2014. Møta i budsjettutvalet finn stad i formannskapsrommet på Midtgard og er ope for alle interesserte.

I lenkeboksen på høgre side finn du referat frå møta i budsjettutvalet hausten 2010.

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6
2686  Lom
Telefon: 61 21 73 00
post@lom.kommune.no

Opningstider servicetorget:
Måndag-fredag 8:00-15:30

GPS-koordinatar:
61.83714589755465,
8.570044040679932