Framside/Ny i Lom?/Bustad
Skjermbilde 2016-11-07 kl

Bustadtomter

Kommunen har ledige tomter i Lom sentrum og i Bøverdalen, samt fleire tomter under planlegging i Garmo.  I tillegg er det ledige byggjeklare tomter nær sentrum som tilhøyrer private - m.a. i Andvordsjordet og på Gjeisarjordet. 

Skjermbilde 2016-11-08 kl

Kroken bustadfelt

Nokre minutt frå sentrum, akkurat i foten av Lomseggen finn du Kroken bustadfelt. Nærheit til alt, med utsikt som slår (nesten) alt! 

LES MEIR OM KROKEN BUSTADFELT HER

Skjermbilde 2016-11-07 kl

Leirmoskog

Leirmoskog finn du i Bøverdalen - populært kalla "beste vestkant". Rolege og vakre omgjevnadar, (snart) fibertilkopling - berre ein liten kjøretur frå Lom sentrum. Velkomen til "dalenes dal"!

LES MEIR OM LEIRMOSKOG HER

Storskardet

Frisvoldskogen

Frisvoldskogen ligg i Garmo, sjølve velkomsten til Lom kommune om du kjem frå "austlandet": og for ein velkomst! Ein treng ikkje vera lokal for å sei at det her er flott.

LES MEIR OM FRISVOLDSKOGEN HER

Bilde frå SGS_Bustadtomter på Gjeisarjordet

Gjeisarjordet (privateigd)

SGS Bygg har fleire ledige tomter på sentrumsnære Gjeisarjordet, både byggeklare og under planlegging.

LES MEIR OM GJEISARJORDET HER (henta frå finn.no, januar 2017):
 

Bustadtomt Lom_Brattbakken

Brattbakken (privateigd)

Privat grunneigar har to ledige tomter til sals i Brattbakken i Lom.
Fritt plassert på solsida"oppunder" Lomseggen ovanfor garden Sygard Andvord, omlag 1 km vest for Lom sentrum.

LES MEIR OM BRATTBAKKEN HER  (henta på finn.no, januar 2017).
 

Privateigde tomter

Elles når det gjeld privateigde tomter må dei som er interesserte ta kontakt direkte med grunneigar og forhandle om kjøp og pris. Informasjon om eigartilhøve får du ved å kontakte kommunen. I Andvordsjordet og på Øvergrenda krev kommunen inn tilknytingsgebyr etter gjeldande satsar - totalt kr 5 000 inkl. mva.
 

Spreidd bustadbygging

Dei som ønskjer å byggje i område som er godkjende for spreidd bustadbygging, må sjølve ordne med løyve til tilkomst og tilfredsstillande vassforsynings- og avlaupsanlegg, samt skredfarevurdering der dette er naudsynt.

Kontakt

Ta kontakt med Leif Morten Plassen for nærare informasjon om ledige tomter: 

  • 468 21 863
  • leif.morten.plassen@lom.kommune.no

Kommunen vil også oppmode private grunneigare til å ta kontakt dersom dei har ledige tomter til sals.
Send inn kort tekst, bilde og kontaktinformasjon, så blir det lagt ut her på lik linje som dei andre privateigde tomtene.

Tips ein ven Skriv ut