Byggesak
Tenesta omfattar behandling av søknader m.v. etter plan- og bygningslova (Pbl).
Tiltaka kan delast i 3 kategoriar:
Tiltaka kan delast i 3 kategoriar:
1. Tiltak som krev søknad og løyve.
Gjeld tiltak som er omfatta av Pbl kapittel 20 § 20-1.For tiltak etter § 20-1 fyrste leden punkta a) - l) er kravet at søknad,
prosjektering, utføring og kontroll skal utførast av føretak med
ansvarsrett i samsvar med bestemmelsar i lovas kapittel 22 og 23 dersom
ikkje anna går fram av §§ 20-2 og 20-3.
Frå 01.07.2010 gjeld i tillegg følgjande - jfr. Pbl § 20-1 og forskrift
om byggesak kapittel 2 § 2-2 - om søknadsplikt og ansvarsrett for våtrom:
Våtrom er søknadspliktig etter Pbl § 20-1 og krev bruk av ansvarlege
føretak for søknad, prosjektering, utføring og kontroll. Dette gjeld
også for våtrom som blir handsama etter Pbl § 20-2, med unntak av våtrom
i vanlege driftsbygningar i landbruket.
2. Tiltak som krev søknad og løyve - som kan utførast av tiltakshavar
Gjeld tiltak som er omfatta av Pbl kapittel 20 § 20-2 - t.d. mindre tiltakpå bebygd eigedom, vanlege driftsbygningar i landbruket, bygg,
konstruksjonar eller anlegg med mellombels plassering for eit tidsrom av
inntil 2 år og andre mindre tiltak som etter kommuna sitt skjøn kan
utførast av tiltakshavar.
3. Tiltak som ikkje krev søknad og løyve.
Gjeld følgjande tiltak etter Pbl § 20-1 dersom dei er i samsvar med plan:Mindre frittliggjande bygningar på bebygd eigedom som ikkje skal brukast
til bustadføremål, mindre frittliggjande byggverk knyta til jordbruks-,
skogbruks- og reindriftsområde, mindre tiltak på eksisterande byggverk,
mindre tiltak utandørs, mindre fasadeendringar og tiltak som kommuna finn
kan fritakast for søknadsplikt.
Søknad om løyve er heller ikkje naudsynt for tiltak etter § 20-1 fyrste
leden bokstav j) når tiltaket ikkje skal stå i lengre tid enn 2 månader.
Målgruppe for tenesta
- Husbyggjarar, næringsdrivande, alle som skal utføre tilbygg, ombygging eller gravearbeid som kjem inn under plan- og bygningslova
Slik får du tenesta
- Søknad sendast på fastsett skjema saman med nødvendig dokumentasjon.
Søknadsfrist
- Fortløpande sakshandsaming.
Skjema og dokument
- Skjema og opplysningar får du ved å kontakte kommunen, eller du kan hente ut skjema frå sjølvbeteningsboksen i høgre side.
Pris
- Betalingsregulativ etter plan- og bygningslova. Nokre døme:
- Oppføring av bustad og fritidshus: kr. 7 330,-
- Oppføring av andre bygningar 100-800 kvadratmeter: 11 250,-
- Betalingsregulativ etter plan- og bygningslova. Nokre døme:
Kontakt
- Teknisk kontor Midtgard ved Odd Arve Strandi
Kontakt e-post
Kontakt telefon
- 61 21 73 29
Lovgrunnlag
- Plan- og bygningslova med forskrifter.
Rett til å klage
- Du kan klage på vedtak innan tre veker frå mottak av vedtaket.
- Klagen sender du til kommunen. I klagen skal det opplysast kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngje dette.
- Kommunen kan gje nærare orientering om dette.
- Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.
- Blir vedtaket oppretthalde blir saka sendt Fylkesmannen til avgjerd.
- Du kan klage på vedtak innan tre veker frå mottak av vedtaket.