Byggfag i Lom vert ikkje nedlagt

.. men usikkerheita held fram

Fylkesutvalet valde i dag å utsette handsaminga av forslaget om å legge ned bygg- og anleggsfag ved den vidaregåande skulen i Lom. I staden vert det nå ei breiare utredning av heile skuletilbodet i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen.
Fylkesrådmannen og fylkesopplæringssjefen gjekk inn for å samle opplæringstilboda innan bygg- og anleggsteknikk i Nord-Gudbrandsdal ved Hjerleid og legge ned avdelinga i Lom.

Arbeidsgruppe

I staden for vedtak om nedlegging i Lom nå, fekk ein politisk arbeidsgruppe - beståande av Kjetil Lundemoen (Ap), Anne Marie B. Jøranli (KrF) og Eivind Brenna (V) i oppgåve å vurdere skulestrukturen med følgande mandat:

  • samla struktur i tilbodet Nord- og Midt-Gudbrandsdal,
  • avgrensingar i tilbodsparallellar,
  • bygge opp under sterkare fagmiljø og sikre at området i sum tilbyr eit mangfald av utdanningar der ein tar omsyn til regionalt arbeids- og næringsliv og alt basert på kvalitet og driftsøkonomisk bæreevne.

Arbeidsgruppa skal legge fram si innstilling for fylkesutvalget i løpet av første halvår neste år.

Meir informasjon på nettstaden til Oppland fylkeskommune.