Datakurs

Merete Byrøygard driv dataopplæring med Julie Øyjordet
Vi er nå i full gang med datakurs for nybyrjarar att. Vi køyrer eit kursopplegg haust og vår som går over 7 timar der vi tek for oss grunnleggjande bruk av data, enkel tekstbehandling, internett, e-post og nettbank. Det er ingen krav til forkunnskapar for å delta på desse kursa. Du kan bruke eigen PC eller låne på biblioteket. Det meste av opplæringa går føre seg ein til ein slik at kvar einskild deltakar får eit så skreddarsydd opplegg som mogleg. Kursa er gratis. Nå har vi 6 ivrige kursdeltakarar som så smått har byrja å surfe på nettet. Her ser vi ei av dei, Julie Øyjordet, som får rettleiing av Merete Byrøygard.

Dataopplæring i biblioteket er ei vidareføring av prosjektet "Lær data i biblioteket" som vart initiert av Oppland fylkesbibliotek og som fleire av biblioteka i fylket deltok i. Kravet om digital kompetanse aukar stadig. På biblioteket kan ein gratis nytte seg av PCar med nettilgang og få tilbod om enkel opplæring i å bruke PC. Ta kontakt dersom du ynskjer å delta på kurset vi har planlagt til våren.