Dei 3 kyrkjegardane i Lom
Det er 3 kyrkjegardar i Lom. Desse ligg ved kyrkjene våre. I tillegg er det restar etter den gamle kyrkjegarden i Garmo som ligg ved Sygard Garmo. Porten der vart restaurert i år (09). I samband med Hamsun-jubileet vart det arrangert messe på denne kyrkjegarden.
Kyrkjeporten til Lom kyrkje og kyrkjegard vart restaurert i fjor(08) og porten til Bøverdal kyrkje og kyrkjegard vart restaurert i år(09). Porten i Garmo har blitt friska opp att med måling.