Framside»Tenester til deg»Bygg og eigedom

Deling.

Ønskjer du å frådele ny tomt eller opprette ny festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve. Eit slikt løyve er 1. steg i ein saksbehandlingsprosess etter reglane i Plan- og bygningslova og eventuelt Jordlova. Steg 2 består i å halde kart- og delingsforretning etter reglane i Delingslova/Matrikkellova. Den nye eininga blir da merka i marka, oppmålt og gitt eige gards- og bruksnummer. Sjå eigen tenesteomtale for oppmålingsforretning.

Behandling av delingssøknad.

Deling av eigedom eller oppretting av tomtefeste for meir enn 10 år, er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1 m). Søknaden blir vurdert i høve til planstatus og lovverk, som jordlov, plan- og bygningslov og forureiningslov. Er frådeling ikkje tillate etter gjeldande arealplan i området, må det søkjast om dispensasjon frå gjeldande plan (kommuneplan, kommunedelplan eller reguleringsplan). Søknad om dispensasjon må grunngjevast. Ved søknad om dispensasjon må kommunen hente inn uttale frå regionale planmynde (Fylkesmannen og fylkeskommunen).

Søknaden.

Søknaden skal sendast/leverast på eige skjema for søknad om deling og rekvisisjon av kart- og delingsforretning. Til søknaden skal leggjast ved: - Kart/skisse som viser korleis eigedomen blir delt. - Gjenpart av nabovarsel - Eventuell skriftleg grunngjeving ved søknad om dispensasjon

Saksbehandlingstid.

For kart- og delingsforretningar vil saksbehandlingstida variere med innhaldet i saka. Dersom saka må sendast til uttale eller behandlast utafor kommunen (Statens Vegvesen/Fylkesmannen/fylkeskommunen) vil dette ha vesentleg innverknad på behandlingstida. Dette gjeld om delinga krev løyve til dispensasjons frå plan. Søknad om dispensasjon må dessutan gjennomgå politisk behandling i kommunen, noko som vil forlenge behandlingstida noko.

  • Målgruppe for tenesta

    • Grunneigarar som ønskjer å frådele ny tomt, eigedom eller festegrunn.
  • Slik får du tenesta

    • Ved å søkje kommunen om løyve til frådeling.
  • Skjema og dokument

    • Skjema for søknad om deling rekvisisjon av kart- og delingsforretning.
  • Pris

    • Eige gebyrregulativ for saker etter plan- og bygningslova.
    • I tillegg kjem eventuelt gebyr for jordlovsbehandling på kr 750.
  • Kontakt

    • Terje Hoel
  • Kontakt e-post

    • terje.hoel@lom.kommune.no
  • Kontakt telefon

    • 99 39 65 29
  • Lovgrunnlag

    • Plan- og bygningsloven, Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova) og Lov om jord (Jordlova).
Tips ein ven Skriv ut