Framside»Tenester til deg»Bygg og eigedom

Drift og vedlikehald

Kåre Frydenlund er ansvarleg for brannvern, vedlikehald og reinhald i kommunale bygg, og er leiar for vaktmeistrane og reinhaldarane.
Vaktmeisterkorpset har fire heiltidstilsette. Stein Kåre Rusten er tilsettt som leiande vaktmester. Øvrige i korpset er Terje Ekle, Svein A. Olsen, Norvald Hellekveen.

Vaktmeistarane har kvar sine bygg som hovudansvarsområdet, men samarbeidar både på bygga og på grøntanlegga i kommunen.

Sommarstid vert det tilsett ekstrahjelp i samband med ferieavvikling, vedlikehald av grøntanlegg, m.m.

Reinhaldskorpset har 13 fast tilsette på ulik stillingsstorleik. Vigdis Husom er tilsett som leiande reinhaldar.

Reinhaldet av kvart enkelt bygg er gjort greie for med vaskeintervallar og stillingsstorleik i reinhaldsplanen.
Reinhaldarane er ansvarlege for dagleg, periodisk reinhald og nedvask.
Utskriftsvenleg versjon
Tips ein ven Skriv ut