Earth Hour

Earth Hour - logo
Laurdag 31. mars kl. 20.30 vil det over heile verda bli oppmoda til å sløkkje ljoset i ein time for klimaet. Earth Hour er ei verdsomfattande symbolsk markering.

Alle kan bidra. WWF er global arrangør, med eit mylder av samarbeidspartar verda rundt.

Lom kommune er med. Blir DU med?

Du sparer kanskje ikkje så mykje på å sløkkje ljoset i ein time, men bruk denne timen - til ettertanke - eller til ein sosial aktivitet fri for TV, data og alle andre elektroniske hjelpemiddel vi omgjev oss med. Gå ein tur, tenn mange stearinljos, inviter til kortspel - eller finn på noko heilt anna ein times tid! Sjå korleis andre markerer kampanjen Earth Hour.