Effektiv drift og gode tenester

Lom kommune har lågare inntekter enn gjennomsnittskommunen, gjev betre tenester og har samstundes god økonomi. Slik kan vi kort oppsummere rapporten frå TBU (regjeringa sitt tekniske utrekningsutval) om tenesteproduksjonen i kommunane. Lom kommune er på en 29. plass over dei mest effektive kommunane i landet.

- Sjølvsagt er eg svært glad for dokumentasjonen på at Lom kommune driv på ein god måte, seier administrasjonssjef Ola Helstad. TBU er ingen "kven-som-helst" i ein slik samanheng og står for kvalitet i sine vurderingar.

Samanlikning av tenesteproduksjonen

TBU gjev ut ein årleg produksjonsindeks som samanliknar omfanget på tenestene i kommunane og ser det saman med inntektene. I 2009 syner indeksen at Lom kommune har 6,5% større tenesteproduksjon enn gjennomsnittet av norske kommunar, og det klarer vi med 2,2% lågare inntekter enn gjennomsnittet. Saman med gode resultat i brukarundersøkingar syner desse tala eit bilete av ein kommune med effektiv drift og god kvalitet.

Sjå detaljane om Lom i TBU sin produksjonsindeks.

Dyktige medarbeidarar

- Det er altså slik at vi har mange gode og pliktoppfyllande medarbeidarar som gjev mykje i sitt virke for kommunen. Utan dei hadde vi ikkje fått til dette resultatet. Frå brukarundersøkingar veit vi og at vi har god og tilfredsstillande kvalitet på mange av tenestene våre, så dette blir ikkje berre eit spørsmål om økonomi og effektiv drift, seier administrasjonssjef Ola Helstad i sin kommentar til det gode resultatet.

Les om dette også i GD

Administrasjonssjef Ola Helstad seier til GD i dag at den viktigaste grunnen til det gode resultatet er at vi i fleire år har evaluert eiga drift. - Vi greier å få mykje ut av kvar inntektskrone. Den viktigaste årsaka er nok at vi har drive aktiv evaluering av eiga drift over mange år. Det har ført til at våre folkevalde kan ta velbegrunna budsjettval, seier Helstad til GD.

Godt nøgde innbyggjarar i Lom

Produksjonsindeksen seier mykje om effektivitet, men lite om kor godt nøgde brukarane er. Årlege brukarundersøkingar syner likevel at lomværene også blir stadig meir nøgde med dei kommunale tenestene dei mottek. Helstad meiner at den enkle politiske organiseringa i kommunen er med på å gjera han meir effektiv. I Lom er det ingen faste politiske utval utover formannskap og kommunestyre.

Les heile artikkelen i GD.

Tips ein ven Skriv ut