Skulestart i den nye skulen i Utgard

Ein stor dag for skulen i Lom

Ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø, var til stades med blomehelsing da den vidaregåande skulen i Lom markerte opninga av skuleåret og opninga av ny skule i fleirbrukshuset Utgard.

Fjuken skriv i ein artikkel på internett at det var velkomstord frå fleire, mellom anna fylkesordførar Gro Lundby som har merka seg dei gode resultata den vidaregåande skulen i Lom har levert gjennom fleire år. Ho nytta òg høvet til å gratulere Lom kommune som nyleg vart kåra til landets beste kommune for tredje året på rad.

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut