Ein del av dei som gjekk vidare til UKM-festivalen 2013.

Ein del av dei som gjekk vidare til UKM-festivalen 2013.

Høgt nivå på fylkesmønstringa i UKM i helga. Innslag frå Lom vidare.

Eineståande UKM

Fylkesmønstringa i UKM på Otta siste helga i april heldt svært høgt nivå, både m.o.t. deltakarprestasjonar og sjølve arrangmentet. Smakebitar finn du på UKM sine nettsider. Ungdommar frå både Lom og Skjåk gjekk vidare til landsmønstringa: UKM-festivalen. Gratulerer!

Alle gjorde ein flott innsats og kunne gjerne ha gått vidare. Likevel var det i overkant at 5 av 30 frå heile Oppland kjem frå Lom og Skjåk. IK Acoustic med Iver Byrøygard og Kjartan Haugen Foss sjarmerte med Postmann Pat på gitarar. Imponerte gjorde også dei som gjekk vidare. Frå Lom og Skjåk gjeld det Living black (rock) med Sindre Garmo, Steinar Odde og Erik de Presno. Likeeins fekk Marit Sandviken tilbodet med fotoet "Magisk" og Idunn Brosset frå Skjåk med novella "Grenselaust sakn".
Tips ein ven Skriv ut