Eit steg nærare diktarhus i Lom
Formannskapet positive til diktarhus
Formannskapet gjorde 17.aug. vedtak om å setja ned ei arbeidsgruppe for å laga eit førprosjekt til eit diktarhus/litteratursenter i Lom. Ordførar Simen Bjørgen blir leiar i gruppa.
Dei som elles blir med i arbeidsgruppa blir Rita Mundal (Lom folkebibliotek), ein representant frå samarbeidsgruppa for Diktardagar i Lom 2011, ein frå Skjåk og ein frå Vågå. Dessutan blir kulturkonsulent Kristbjørn Rossehaug med som sekretær.