Elevane jogga for kreftsaka

Elevrådsleiar Marie Vaagaasar_800x600
På joggedagen i oktober jogga elevane ved ungdomsskulen inn kr. 6850,-. Desse pengane vart gjevne av bedrifter i Lom. Ungdomsskulen har hatt joggedag sidan 2002, og på desse åra har elevane jogga inn kr. 61000,- til kreftsjuke barn i Oppland. Elevrådsleiar Marie Vaagaasar var svært nøgd med både elevar og bedrifter i Lom.