Foto: Kjetil Aarstrand

Foto: Kjetil Aarstrand

Elg- og hjortejakta 2016:

Markert nedgang i elgavskytinga i Lom, nytt rekordår for hjortejakta

Jakta 2016 vart det felt 49 elg i Lom kommune (og i tillegg 4 dyr på jaktfelt i Vågå som er med i  Skaihø-valdet). Det er ein nedgang  på 15 dyr (for Lom kommune) samanlikna med året før.

Den store nedgangen er i Bøverdalen; der vart det skote 30 elg av ein kvote på 40 dyr (43 av 45 i 2015)

I Garmo viltområde er det fortsatt høg avskyting; 11 felte elg både i 2016 og i 2015  (kvote: 11) I Skaihø viltområde er det fortsatt nedgang; 8 felte elg i 2016 mot 10 i 2015 (innanfor Lom kommune).

 

For hjortejakta vart 2016 eit nytt toppår: 84 hjort vart felt i 2016 (innanfor Lom kommune), mot 69 i 2015, 80 i 2014. For Garmo viltområde var det ein markert oppgang, 20 felte dyr i 2016 mot 14 i 2015. For Bøverdalen og  Skaihø viltområde var det også ein viss oppgang samanlikna med 2015 (det året hadde Bøverdalen ein markert nedgang samanlikna med året før).

Nordherad-feltet i Vågå har fortsatt svært god hjorteavskyting; 13 dyr i 2016, 14 i dei to føregåande år.


Fallvilt, påkjørte dyr og avliva sjuke dyr kjem i tillegg.

Tips ein ven Skriv ut