5860096_3468145 copy

APRILSNARR 2016:

Endringar for Utgard

Erfaringane med Utgard så langt er stort sett positive. Det er likevel rett og på tide å vurdere tiltak for å videreutvikle drifta. Kommunen vil derfor vurdere å enten selja Utgard eller å leggje drifta ut på anbod.  

Seriøse interessentar

Kommunestyret vil bli orientert om dette i møte den 7 april.  Det har vore arbeidd med ulike løysingar over noko tid, og det har vore lagt vekt på å unngå spekulasjonar. Når ein har med konkrete og seriøse interessentar å gjera er det viktig å gje desse arbeidsro.  Når administrasjonen nå likevel ser seg nødt til å orientere offentleg om dette så er det grunna i at media er kjent med saka.

Påverkar ikkje leigeavtala

Administrasjonssjefen understrekar at eit sal vil setja kommunen i stand til å redusere lånegjelda - noko som vil vera kjærkome. Alternativet med drift på anbod vil gje kommunen forutsigbarhet og unngå svingningar i årleg drift. Fylkeskommunen, som er ein viktig leigetakar, er orientert om forhandlingane som pågår.  Fylkesrådmann Rasmus Vigrestad understrekar at ny eigar eller ny drivar ikkje vil påverke deira leigeavtala.  Fylkeskommunen har ei leigeavtale med Lom kommune og forutset at ny eigar overtek dette ansvaret.

Det vil ikkje bli gjeve ytterlegare informasjon om dette før kommunestyremøtet den 7 april.

Tips ein ven Skriv ut