auto-2583303_1280

Endringar i TT-tenesta

Personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming har store vanskar med å nytte offentleg transportmiddel kan få tilgang til tenesta. Kravet er at ein må ha ei varig forflytningshemming, det vil seie minimum to år, samt at ein har behov for spesialtransport. Det skal vera ein direkte samanheng mellom den varige forflytningshemminga og den manglande evna til å nytte seg av det ordinære kollektivtilbodet.

Transportteneste for rørslehemma

Frå 01.01.2018 må alle TT brukarane søkja på nytt for å bli vurdert for tildeling av tenesta frå 01.01.2018. Gamle vedtak blir med andre ord ikkje vidareført. Oppland fylkeskommune som tildeler TT-heimlar til kvar kommune. Antal heimlar vert justert kvart 6.år og tek utgangspunkt i kommunas befolkningstal. Søknadsskjema finn du på heimesida til Skjåk og Lom kommunar, samt i Servicetorget i begge kommunane. Søknadsfristen er 1.des 2017.

Parkeringskort for rørslehemma

Alle som har slike kort i Lom og Skjåk må levere dei inn før 31.12.2017. Dette gjeld alle korta, sjølv om datoen for utløp er langt fram. Dette er grunna i at det er oppdaga at dei er lette og forandre, og derfor lette å svindle. Dei nye korta har oblat og  det er eit  motivet  som er delvis opphøgd og framheva på kortet, dette skal gjere dei meir sikre mot svindel. Du må levere/sende kortet ditt til Tildelingskontoret i Skjåk, så vil dei lage eit nytt til deg. Tildelingskontoret tek høgde for at det kan bli ventetid.

Tips ein ven Skriv ut