Alt menneskje gjer er aktivitet. Aktivitetar varierar gjennom livet og frå person til person. Alle menneskjer har behov for å vera i aktivitet; gjennom aktivitet utviklar vi oss sjølve, påverkar og påverkast av våre omgjevnadar.
Det er ein nær samanheng mellom aktivitet og helse. Helseproblem kan gje vanskar med aktivitet, og uheldig utføring av aktivitet kan gje helseproblem.
Det er denne samanhengen som er utgangspunktet for all ergoterapi.
Ergoterapeuten byggjer opp under den einskildes motivasjon og moglegheiter for å leva det livet han/ho ynskjer å leva. Ergoterapeuten nyttar aktivitet direkte i behandling og opptrening, og indirekte ved å leggje til rette for gjeremål gjennom tilpassing av omgjevnadane og ved bruk av tekniske hjelpemiddel.
Tiltaka tek sikte på å fremje aktivitet, deltaking, tilhøyring og tilfredsheit i heimen, skule, SFO, arbeid og fritid. Det er og eit mål å førebyggje ulykker, isolasjon og aktivitetstap.