Erstatningsordningar etter flommen - naturskade og avlingssvikt i jordbruket

Ved skadar på jordbruksareal er det to ordningar som trer i kraft etter flom og sterk snøsmelting som m.a. har utsløyst jordras i år:

Erstatning etter naturskadelova

Naturskadelova skal dekke oppretting av skadar på jordbruksareal og m.a. vegar. Melding om skade skal rettast til Lensmannskontoret som organiserer taksering og avgjer kva som skal inngå i grunnlaget for taksten. Melding bør sendast snarast etter at skaden er oppstått og seinast 3 månader etterpå. Skadar som kan gi grunnlag for taksering er: • Utgraving, erosjon, massetap • Behov for ny masse • Behov for tilleggsgjødsling ved utvasking • Fjerning/handtering av tilførte masser og brask • Fjerning/handtering av gras som ikkje kan nyttast til dyrefôr • Opprensking av grøfter/grøftesystem og bekkelaup • Skadar på driftsvegar • Skadar på gjerde • Ny våronn med jordbearbeiding, såing og såfrø. Det er ein eigenandel på 10.000 kr. og naturskadeordninga dekkjer 85% av kostnader utover dette. Sjå meir informasjon på https://www.slf.dep.no/no/erstatning/naturskade/om-naturskade.

Erstatning ved avlingssvikt:

Denne ordninga skal redusere økonomisk tap på grunn av avlingssvikt forårsaka av klimatiske forhold. Søkjaren må ha rett på produksjonstilskot, og må melde skaden til kommunen snarast etter at den har oppstått. Søknad må fremmast innan 31. oktober. Det er også plikt til å avgrense tapet mest mogleg, t.d. ved nyinnsåing der dette er mogleg. Utgiftene til det kan dekkast av den statlege naturskadeordninga. Avlingstapet vert rekna ut etter ein metode der ein fyrst finn ut gjennomsnittavlinga dei siste tre/fem år (avhengig av vekstgruppe). Avlingstapet som vert dekt er gjennomsnittstapet per vekstgruppe fråtrekt 30% eigenrisiko og oppnådd avlingsmengde sesongen 2011. I tillegg er det ein minsteutbetaling på 5.000 kr. Sjå meir informasjon på https://www.slf.dep.no/no/erstatning/klimabetingende-skader/om-klimabetingende-skader

Situasjonen i Lom

I Lom er det meldt inn totalt 27 skadar til lensmannskontoret. Skadane har oppstått i månadsskifte april/mai og i pinsehelga og gjeld jordbruksareal (11 innmeldte skadar), vegar (12 innmeldte skadar) og andre skadar som ikkje blir dekt av naturskadelova (elveforbygning, brønn mm.). Lensmannen i Lom har sendt ut informasjon om vidare framgangsmåte og taksering til dei som har meldt inn skadar. Det ser ikkje ut til å ha oppstått avlingsskadar som fell inn under erstatningsordninga for avlingssvikt i Lom. Lenger ned i dalen, særleg i Nord-Fron, Sel, Ringebu og Sør-Fron er situasjonen mykje verre, og ein del grovfôrareal er så tilslamma at det ikkje kan brukast som dyrefôr eller ikkje bør brukast på enkelte dyreslag. Dette gjeld særleg mjølkekyr på grunn av auka fare for sporer i mjølka. Det er difor viktig å bruke fôranalyser for å dokumentere fôrkvaliteten av innkjøpte rundballar som er hausta på areal som har vore oversvømt.
Tips ein ven Skriv ut