Etablere bedrift i Lom

Lom kommune ynskjer å oppmuntre folk som vil starte nye bedrifter og utvikle eksisterande næringsliv. Har du ein god forretningsidé kan vi bidra til idéutvikling, nettverksbygging mot fagmiljø og hjelpe deg å finne støtteordningar som er tilgjengelege i oppstartsfasen. Før og under ei bedriftsetablering er det ofte mange små og store spørsmål det kan vere nyttig å drøfte med nokon. Vi tek ikkje betalt for rådgjeving og har sjølvsagt teieplikt.

Få svar på alt du lurer på

Eit vanlig spørsmål er kva for type selskapsform du skal velje. Dei mest vanlege selskapsformene er aksjeselskap og enkeltpersonforetak. Du kan lese meir om dei på www.bedin.no  som er ei offentleg teneste for bedriftsinformasjon. Her kan du finne svar på det meste som gjeld oppstart og drift, og du kan ringe gratis til opplysningstenesta ”Narviktelefonene” på tlf. 800 33 840

Opplæring i entreprenørskap

Skal du starte, eller skal du ikkje? Innovasjon Norge arrangerer dagskurs med tema ”Skal – skal ikkje” for deg som står føre eit slikt viktig vegval. Dei har også gratis kurs med tittelen ”Etableraropplæring i Oppland” kvar haust og vår. Næraste kursstad er på Otta. Innovasjon Noreg har ei rekkje støtteordningar for etablerarar som du kan søkje på om du vil starte ei nyskapande vekstbedrift. Næringssjefen i kommunen er fyrste kontaktpunkt om du vil søkje på dette, og du kan lese meir om ordningane på www.innovasjonnorge.no  

Ring kommunen fyrst

I Lom kommune jobbar næringssjefen og ein idéutviklar med å stimulere til næringsetablering og utvikling i eksisterande bedrifter. Oss kan du kontakte heilt i frå ein tidleg fase når du tenkjer på å etablere næring i kommunen, så vil du få hjelp til å kome vidare. Det er og eit eige landbrukskontor der du kan få svar på spørsmål knyt til å starte innanfor landbruket.

Kommunalt næringsfond

Som gründer i Lom har du moglegheit til å søkje næringsfondet om støtte til oppstart og utviklingstiltak for nyskapande bedrifter. Det er vedtektene for fondet som regulerer kva for tiltak som kan få støtte, men det er ikkje eigne retningsliner eller søknadsskjema. Vend deg difor til kommunen for å få råd om søknaden. Ein forretningsplan for ei ny bedrift er eit godt grunnlag for ein søknad. Prosjekt som bidreg til sysselsetting for kvinner blir prioritert.

Eksisterande næringsliv

Reiselivsnæring, handel og landbruk er hovudnæringane i Lom kommune. Du finn eit oversyn over eksisterande verksemder på nettsida.

Kontaktinformasjon

Lom treng fleire nyskapande og framtidsretta bedrifter. Velkome som gründer i Lom! Kontaktinformasjon: Næringssjef Torill Bye Wilhelmsen Torill.bye.wilhelmsen@lom.kommune.no Telefon +47 61 21 73 36 / +47 48 22 15 15 Sjå også  nettsida og frå 1. november www.lom.no