Etablere bedrift i Lom

Lom kommune ynskjer å oppmuntre folk som vil starte nye bedrifter og utvikle eksisterande næringsliv. Har du ein god forretningsidé kan vi bidra til idéutvikling, nettverksbygging mot fagmiljø og hjelpe deg å finne støtteordningar som er tilgjengelege i oppstartsfasen. Før og under ei bedriftsetablering er det ofte mange små og store spørsmål det kan vere nyttig å drøfte med nokon. Vi tek ikkje betalt for rådgjeving og har sjølvsagt teieplikt.

Kurs i bedriftsetablering

Haust og vår er det kurs i bedriftsetablering for deg som vil starte bedrift! På førehand er det tilbod om ein avklaringsdag der du får vite kva som må til for å lukkast.